Generell litteratur

Menn som nesten elska meg

5 t
«Katrine Sele har skrive ei underhaldande bok om livet som singel og lengtande. Er du i same situasjon, eller nyfiken på vilkåra for moderne kjærleik, så er dette boka for deg.»
— Bergens Tidende
Om å leite etter kjærleik

Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.

Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.



Terningkast 5! "Katrine Sele har skrive ei underhaldande bok om livet som singel og lengtande. Er du i same situasjon, eller nyfiken på vilkåra for moderne kjærleik, så er dette boka for deg."
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

"Er du blitt dumpet? Les Katrine Sele … Skriver modig og gjenkjennelig om å prøve og feile i kjærlighet.
… denne boken et forfriskende bekjentskap. Den er perfekt for deg som er lei sveiping og situationships, lei av å vurdere og bli vurdert, lei av å late som. Det er deilig og inspirerende å lese en forfatter som tør å ta et standpunkt, som minner oss på at å finne kjærligheten ikke er gjort i en fei, vi må faktisk øve oss."
Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv


349,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015960
Meldingar

Sagt om boka

3 omtaler

«Både det Sele fortel om livet sitt og måten ho dissekerer eigne kjensler på viser at ho ikkje berre er uvanleg open for (og mot) andre menneske, men også er dristig ... Sele skriv godt, setningane er ofte vakre. Ved hjelp av velvalde detaljar levandegjer ho romantiske møte og bølgjene som går høge inni henne. Den litterære kvaliteten styrkjer opplevinga av intimitet – utan det fiksjonelle sløret ei skjønnlitterær forteljing gir ... Sele har både litterær stil og ein høgst relevant feministisk bodskap.»

— Klassekampen

«Med en uanstrengt penn veksler [Sele] mellom å skrive om hendelser hun selv har erfart, og å stille seg på avstand fra dem. Her kommer en bred vifte av litteratur til nytte som et middel å tenke med – et klassisk grep innenfor sjangeren ... Menn som nesten elska meg’ (er) en tiltalende likefrem og lite selvhøytidelig memoar som jeg tipper vil vekke gjenklang hos et kjærlighetshungrende publikum. Og de fleste har vel – på et eller annet tidspunkt i livet – hatt et sultent hjerte.»

— Aftenposten

«Er du blitt dumpet? Les Katrine Sele … Skriver modig og gjenkjennelig om å prøve og feile i kjærlighet. … denne boken et forfriskende bekjentskap. Den er perfekt for deg som er lei sveiping og situationships, lei av å vurdere og bli vurdert, lei av å late som. Det er deilig og inspirerende å lese en forfatter som tør å ta et standpunkt, som minner oss på at å finne kjærligheten ikke er gjort i en fei, vi må faktisk øve oss.»

— Dagens Næringsliv

Katrine Sele
Om forfattaren

Katrine Sele

Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkrådets språkpris for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen, og har sidan gitt ut Jølster hotell (2017) og Einars bok (2021).