Engasjerande innføringsbok i historisk teori og metode. Boka tek impulsar frå den litterære vendinga på alvor, og drøftar spørsmål som historie som litteratur og forteljing, og forholdet mellom språk, realitet og sanning. Denne boka gir ei innføring i kva det vil seie å utforske noko historisk. I boka gjennomgår forfattaren metodiske sider ved bruk av historisk materiale, og ulike typar historiske forklaringar blir diskuterte. Særleg vekt blir lagd på å presentere perspektiv som er vorte aktualiserte i seinare år, der spørsmål om historie som litteratur og forteljing har stått sentralt. Her har også forholdet mellom språk, realitet og sanning vore mye diskutert. Gjennom heile framstillinga reflekterer forfattaren over kva det vil seie å studere menneskeliv, kultur og samfunn historisk, og kva eit slikt studium byr på både av problem og potensial. Til slutt gir boka ei kritisk drøfting av nokre av dei vanlegaste grunnane til å søke historisk kunnskap og forståing. Boka er skriven først og fremst for studentar og forskarar i historie, men er også relevant for andre fag der historisk forståing er viktig, som etnologi, antropologi, sosiologi og andre samfunns-, kultur- og mediefag.