Kan mennesket vere ei positiv kraft i naturen?Ikkje berre gjev gras oss mjølk, kjøt, ull og klede som beite for husdyra våre, men dei fem grasartane kveite, mais, ris og sukkerrøyr er dei mest dyrka matvarene i verda. Gras skaper blomeenger og jord, lagrar karbon og tek vare på truga artar. Grasland er jordbruksland og villmark, plenar og fotballbaner, endelause vidder og høge fjellsletter. Og graset er truga, ikkje av utrydding, men av å verte oversett. Stadig vekk trakkar vi over graset på jakt etter den viktige naturen, utan å sjå at vi står midt i han.I denne boka syner Siri Helle tallause døme på at vi menneske treng graset. Ja, truleg har grasfamilien vore så viktig for menneskets utvikling at vi ikkje hadde eksistert utan det.Dette er ei bok for dei som bryr seg om naturen og kor maten vi et, kjem frå, og korleis han er produsert. Ikkje minst er det ei bok som forklarar korleis mennesket er leddet som bind desse to tinga saman: korleis mennesket kan vere ei positiv kraft i naturen. Bli med inn i grasverda, møt menneska, dyra og samfunna som lever av, for og med kjærleik til graset – og lat deg forundre over mangfaldet og mylderet i ein del av naturen vi altfor sjeldan set i rampelyset.