Forfattaren ser på framtida til det norske landbruket, og hevdar at det finst eit rekrutteringspotensial til landbruket dersom styresmaktene er villige til å lytte til kva dei unge seier. Boka freistar å utvikle eit nytt syn på landbruket, der verdiar er viktigare enn pengar. Landbrukspolitikken har i stor monn redusert gardsdrift til eit spørsmål om kroner og øre og subsidiar. Dei unge er meir opptekne av sosiale, kulturelle og økologiske verdiar seier forfattaren. Han oppfordrer styresmaktene til å tenkje nytt og til å leggje forholda til rette for eit alternativt landbruk. Har litteraturliste.