Dag Jørund Lønning (fødd 1967) er gardbrukar og utdanna sosialantropolog frå Universitetet i Bergen (1994). Same året blei han tilsett ved Chr. Michelsens Institutt, med hovudansvar å byggje opp eit Midtausten-studium. Hans teoretiske tyngdepunkt er opinions- og haldningsdanning. Lønning har gitt ut to bøker, fleire artiklar og halde ei rekkje foredrag. I 1998 blei han leiar for det treårige prosjektet i regi av Fylkesmannen i Hordaland. Målet med prosjektet er å granska årsaker til at ungdom sviktar landbruket, og komma med idear til alternative strategiar.