Gjett ordet med Lurivar: andre ord
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Gjett ordet med Lurivar: andre ord

6–9 år
Bli med Lurivar på ordjakt. Lurivar er ein nysgjerrig og utspekulert ordspion. No tenker han på eit nytt ord. Det finst ikkje i havet, men berre på jorda. Det kan vere både inne og ute. Det er noko alle dyr og alle menneske treng. Men det er ikkje mat. Kva kan det vere? «Gjett ordet med Lurivar: Andre Ord» er bok 2 om ordspionen Lurivar.
249,00 kr
Sider
36
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000355
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.