Fredlaus: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Fredlaus: roman

12–16 år
Då Anders skjønar at foreldra hans har tenkt å skilje seg, forlèt han dei og systrene sine og går ut i skogen. Der slår han seg til i huset til Dobbel-Aksel, som hengde seg i ei bjørk for mange år sidan. Her vil Anders gløyme sitt tidlegare liv og leve på villmarksvis. Men han får ikkje vere lenge åleine, den mystiske Hilmar frå Skogane dukkar opp. Og snart finn den eine etter den andre fram til skjulestaden hans. Livet utanfor trengjer seg på. Kva skal han no gjere med kjærleiken? Kva gjer han når Hilmar vil ha han med på eit farleg oppdrag? Anders skjønar fort at livet i villmarka er annleis, og mykje farlegare enn han hadde trudd. Ragnar Hovland fekk Kritikarprisen 2006 for denne boka, og er dermed den første som har vunne både vaksenprisen og barne- og ungdomsprisen.
239,00 kr
Sider
180
Utgivingsår
2008
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252169508
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: