Last ned omslag

Bla-i-boka

Styreform og politisk kultur i Noreg 1660-1884

Knut Dørum

I perioden frå 1660 til 1884 gjekk styreforma i Noreg frå einevelde til aukande grad av folkestyre. Hendingane i 1814 bidrog sjølvsagt til dette, men kor viktig var eigentleg 1814 i utviklinga av det folkestyret som blei knesett med parlamentarismen i 1884? Var det element av folkeleg politisk medverknad også i einevaldstida? Og blei dei autoritære trekka vidareførte også etter 1814?

I denne boka gir Knut Dørum eit oversyn over endringar i styreform og politisk kultur i tidsrommet 1660 til 1884, der endringane knytte til året 1814 er sentrale.

Når det gjeld folkeleg politisk kultur og demokratisering, har mykje ny kunnskap komme fram i samband med fleire større forskingsprosjekt på 1814 og demokrati. Samla sett har ein i desse forskingsprosjekta fått fram ei større breidde og variasjon i den folkelege politiske kulturen enn tidlegare antatt, og då særleg for tida før 1814. Slik blir denne boka også ei oppsummering av den nyaste forskinga på dette feltet.


ISBN: 9788252184624

Kategoriar: Høgskule og universitet, Knut Dørum

Emneknagg: 2016, Hefta,

Sjanger: Historie og kulturvitskap



Meir frå Knut Dørum