Forteljingar og fablar frå andre tider

Skjønnlitteratur

Forteljingar og fablar frå andre tider

Fjorten forteljingar frå det indre livet i hugen, i kroppen, i landskapet, i fortidene - dei nære og dei fjernare. Det er mannen som er i fokus i desse tekstane . sjølv når det handlar om jenter, så er det menn som blir halde fram, granska, og trekt slutningar om. Dei gjer uforståelege ting eller ingenting, dei mistar kroppsdelar eller minnet. Eller så reiser dei vekk, og berre det dei sa står igjen og får etter kvart store dimensjonar. Tekstane viser kva folk seier, korleis ting blir sagt, korleis sanningar får bein å gå på og mytar blir danna.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190397
Einar Økland
Om forfattaren

Einar Økland

(f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.