For ope hjarte

Anna Gavalda

Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske

Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva – den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med – men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske?

Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn – som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.

Omsett frå fransk av Tove Bakke


ISBN: 9788252195767

Kategoriar: Anna Gavalda, Kommande bøker, Romanar og noveller, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2019, Kommande,

Sjanger: Romanar og noveller


Meir frå Anna Gavalda