Barnas Juleroser 2021

Barn og ungdom

Barnas Juleroser 2021

For tre år sidan lanserte Herborg Kråkevik Barnas Juleroser, eit kvalitetsjulehefte for barn mellom 6 og 12 år. Dette er eit underhaldande hefte spekka med glade juleforteljingar, teikneseriar, dikt, songar og ikkje minst leikne og morosame illustrasjonar signert nokre av våre fremste barnebokillustratørar. Blant bidragsytarane finn vi mellom anna Tegne-Hanne, Gulraiz Sharif, Bjørn F. Rørvik, Helge Torvund, Anna R. Folkestad, Harald Nortun og Martin Ernstsen. Framsida er illustrert av Malin Falch.

Juleroser og Barnas Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Story House Egmont AS. I fjor kom albumet Juleroser ut på Grappa Musikkforlag. I år lanserer dei i samarbeid med Herborg Kråkevik og Julerosekvintetten albumet Barnas Juleroser med songane som har stått i Barnas Juleroser dei første åra.

149,00 kr
Herborg Kråkevik
Om forfattaren

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.