Fiolinane: roman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Fiolinane: roman

Romanen er ein dystopi, og handlar om ein ung mann sin kamp for å overleve. Saman med familien sin bur han i eit samfunn der den sterkaste si rett gjeld. Familien er svært prega av brutaliteten rundt han. Bestefaren, ein gamal fiolinist, er det faste punktet i tilveret.
429,00 kr
Sider
174
Utgivingsår
2010
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252175493
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.