Bovara: roman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Bovara: roman

Frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara, men når hans venn Flori forlet hagearbeidet for a° arbeide med ei bok i tårnet, blir Frrok a°leine med innhaustinga og hagestellet. Og tilveret hans blir kasta heilt på hovudet når ei prostituert jente på flukt bankar pa° døra til klosteret. Frrok gøymer henne i kjellaren, og oppdagar med eitt at han har makt over liv og død. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Nok ein gong foreinar Leikvoll det vakre og det grusame i sin særeigne skrivestil.
429,00 kr
Sider
200
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252178616
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.