Eit vintereventyr
Lydbok

Skjønnlitteratur

Eit vintereventyr

3 t 43 min
Hovudpersonen lengtar etter å bli elska. Han har håp om at kjærleiken finst same kor forferdeleg livet kan være. Han bur i ein arbeidsleir og kvardagslivet er brutalt og rått. Boka handlar om angst, uro og frykt men også om lengsel og kjærleik. Dette er forfattarens debutroman.
349,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011597
Jan Roar Leikvoll
Om forfattaren

Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.