Etikk i klinisk sjukepleie

Fagbøker

Etikk i klinisk sjukepleie

Praksisnær innføringsbok i etikk for sjukepleie. I boka tar forfattaren studentane med inn i klinisk sjukepleie og viser korleis etisk sensitivitet alltid må vere til stades i pasientbehandling. Forfattaren tar for seg typiske etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar, for eksempel utfordringar knytt til autonomi og tvang, teieplikt, abort og avslutning av livsforlengande behandling. Ho viser korleis overordna verdiar kan kollidere i slike situasjonar, og korleis ein gjennom systematisk arbeid med etisk refleksjon kan bli tryggare i dei vala ein må ta. Etiske teoriar og etiske refleksjonsmodellar blir gjennomgått, og forfattaren viser korleis dei kan hjelpe oss å sortere tankar og argument når vi står overfor vanskelege etiske problem. Det blir også gjort greie for korleis kliniske etikk-komitear og etikkråd arbeider, og mot slutten av boka blir yrkesetiske retningslinjer, teieplikta og opplysningsplikta presentert og drøfta.
249,00 kr
Sider
144
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252199482
AH
Om forfattaren

Anne Kari Tolo Heggestad

(f. 1975) er førsteamanuensis ved sjukepleieutdanninga ved OsloMet, og postdoktor ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo. Ho disputerte i 2014 med ei avhandling i sjukepleieetikk: “To be taken seriously as a human being” A qualitative study on dignity in dementia care, og har i lengre tid undervist i etikk i sjukepleieutdanninga ved OsloMet