Eit halvt liv: ein biografi om Per Sivle

Generell litteratur

Eit halvt liv: ein biografi om Per Sivle

Boka fortel historia om den folkekjære forfattaren, lyrikaren og journalisten Per Sivle. Forteljinga startar kronologisk med moras forsøk på å ta sitt eige liv, og avsluttar med diktarens eige sjølvmord i 1904. Her skildras mellom anna Sivles oppvekst i tre ulike fosterheim, hans pietistiske sinnelag i ungdomstida, arbeidet som avisredaktør og den uslitelege kjærleiken frå kona Wenche. Med kjelder, personnamnregister og biletliste.
279,00 kr
Sider
428
Utgivingsår
2010
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176155
Alfred Fidjestøl
Om forfattaren

Alfred Fidjestøl

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013 og 2020, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fidjestøl fekk Samlagsprisen 2022 for forfattarskapen sin.