InnbundenFleire format

Generell litteratur

Nesten menneske: biografien om Julius

Tankevekkjande og rørande om sjimpansen Julius. Sjimpansen Julius fekk ein vond start på livet. Avvist av mora og med ein valdeleg far måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar. Gjennom TV blei Julius ein norsk A-kjendis på 80- og 90-talet. Men han sleit med å finne plassen sin i flokken. I dag lever Julius som alfasjimpanse og tobarnsfar. Han er framleis Noregs mest kjende dyr. Som første dyr i Noreg får no Julius sin eigen biografi. Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforsking prøver Fidjestøl å finne ut kva som går føre seg i hovudet på ein sjimpanse som Julius. Det har blitt ei fascinerande og tankevekkjande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg. Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.
479,00 kr
Sider
243
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252192568
Alfred Fidjestøl
Om forfattaren

Alfred Fidjestøl

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013 og 2020, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fidjestøl fekk Samlagsprisen 2022 for forfattarskapen sin.