InnbundenFleire format

Generell litteratur

Frå Asker til Eden: historia om Askerkretsen 1897-1924

Den såkalla Askerkretsen rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker, var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag.

Eit lite og skiftande miljø bygde opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine.

Berre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.
429,00 kr
Alfred Fidjestøl
Om forfattaren

Alfred Fidjestøl

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013 og 2020, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fidjestøl fekk Samlagsprisen 2022 for forfattarskapen sin.