Last ned omslag

Bla-i-boka

Trass alt

Alfred Fidjestøl

Dramatiske scener frå 100 års teatereventyr

Det Norske Teatret trassa tyngdelovene i Teater-Noreg, det trassa dei økonomiske vilkåra og dei fysiske føresetnadene i den vesle teatersalen, og det trassa den veldige motstanden mot prosjektet mellom riksmålsfolket. Opninga i hovudstaden utløyste eit vekelangt teaterslag, med pipekonsertar under framsyningane, blodige slagsmål i salen og titusentals demonstrantar i gatene omkring teateret. 100 år seinare er språkstriden avvæpna og teaterkunsten har mist den privilegerte posisjonen sin i kulturfeltet. Men Det Norske Teatret står framleis like støtt, med eige palass i Karl Johan-kvartalet og 200 000 publikummarar i gode år, trass alt.

For første gong kjem her heile historia, frå turneane til forløparen Det Norske Spellaget i 1911 og 1912 til den storslagne hundreårsfeiringa i 2013.


ISBN: 9788252178753

Kategoriar: Alfred Fidjestøl, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2013, Innbunden,

Sjanger: Historie



Meir frå Alfred Fidjestøl