Eg et meg sjølv som lyng

Skjønnlitteratur

Eg et meg sjølv som lyng

Omsett frå dansk
Eg et meg sjølv som lyng er ei lyrisk og temperamentsfull samling om å lausrive seg frå rolla som ung jente, utan å vite kva ein elles kan vere. Olga Ravn skriv i debutboka om lengten etter å vere bortanfor det seksualiserte og om kroppen som skodeplass for privat og offentleg dragkamp. Verda trengjer seg på og kroppen går sine eigne vegar. Språket i denne boka er viltveksande, prega av eit stort overskot. Frå dansk ved Inger N. Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar, forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng, og i 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, hennar første roman, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose. Olga Ravn har også gjendikta Ann Jäderlund og Sylvia Plath (med Mette Moestrup) til dansk.
329,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189292
Olga Ravn
Om forfattaren

Olga Ravn

(f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark, og har sidan sjølv undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette, som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. For romanen Arbeidet mitt frå 2020 fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing.

 

 

Sjå alle bøker av Olga Ravn →