Skjønnlitteratur

Du er bonde

3 t 26 min
«Danielsen har ei eiga evne til å skrive overraskande og rare setningar som gjer det lett å leve med fråværet av normal, logisk progresjon. Eg er sjølv bonde. Medan eg går ut til traktoren, tenkjer eg at ideen om å pla...»
— Ola Hegdal, NRK
Om odelsjenter og antidrift. «Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen. To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren. «Du er bonde» er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
379,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008900
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

«Å, så godt det gjer å lese ei odelsforteljing med ny giv og nye perspektiv [.] Her ljomar «Brittas fitta» på repeat over campingvognene på lansleiren til Norsk Bygdeungdomslag - i fire dagar til ende.»

— Eivind Myklebust, Klassekampen

«Med «Du er bonde» viser Danielsen til fulle at hun er en romanforfatter å regne med. Dialogen er vittig, men også sår. Her er satirisk samfunnssnert, som hos Marit Eikemo, og rå seksuell ungdommelig kraft, som hos Olaug Nilssen.»

— Mari Grydeland, Aftenposten

«Framstillinga av jentenes seksualitet er ei av dei beste skildringane av ungjenters uendelege kåtskap eg kan hugse å ha lese i nyare norsk litteratur»

— Maria Horvei, Vinduet

«I Kristin Auestad Danielsens nye roman Du er bonde finst heile spekteret, frå lyst og glede overfor natur og gardsdrift og vilje til nyvinning til djupt mismot overfor så vel odel som moderne landbruk.»

— Margunn Vikingstad, Morgenbladet

Kristin Auestad Danielsen
Om forfattaren

Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Ho fekk stor merksemd for sin andre roman, Du er bonde, frå 2022. På, over, inni er hennar tredje roman.