Soga om oss og andre skodespel: dramatikk

Skjønnlitteratur

Soga om oss og andre skodespel: dramatikk

Kristin Auestad Danielsens dramatikk for første gong i bokform. Kristin Auestad Danielsen er ein av Noregs mest spennande dramatikarar. Ho har skrive ei rekkje skodespel for både barn og vaksne. Denne boka samlar fire av skodespela for vaksne: Soga om oss (2022), Vår Vesle (2018), Årets fotballspelar 1997 (2010) og Danish Crown (2009). Tekstane strekkjer seg frå den mørke fabelen om Ruth som driv eit dyrehotell for menneske, via våre felles historiske erfaringar frå Olje-Noreg til såre forteljingar om å møte vaksenlivet, der kanskje ikkje alt blei heilt slik ein såg for seg. Skodespela til Auestad Danielsen er skarpe, humoristiske og slåande. I desse tekstane møtest lynnet frå dei sjangrane ho er kjend for frå før av i bokform: dei ville forteljingane og den presise poesien. Forfattaren og teaterregissør Victoria Meirik har skrive kvar sin introduksjon.
329,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010569
Kristin Auestad Danielsen
Om forfattaren

Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Ho fekk stor merksemd for sin andre roman, Du er bonde, frå 2022. På, over, inni er hennar tredje roman.