Skjønnlitteratur

På, over, inni

4 t 27 min
«Sol, sex og skodde er sjølvsagde ingrediensar i denne upretensiøse, vesle boka frå Færøyane.»
— NRK
I grålysinga ein humlesurrande sommarmorgon pakkar Erla ferdig ein doggblaut fløytekvit Mercedes 1976-modell. Ho og dottera Julie på sju skal rekke Norröna-båten, som skal ta dei over Atlanterhavet, heilt til Færøyane. Der skal Julie få lære kulturen og språket til landet mora sjølv vaks opp i. For Erla blir det eit møte med alt som finst, og alt som kunne ha vore. 
 
på, over, inni er ei bok inspirert av sommarnostalgi, med lag på lag med somrar, og alt som høyrer til. Og ut frå Færøyane spenner historia ut til nabolanda og blir ein refleksjon over forholda mellom nordiske land.

Terningkast 5!
"Sol, sex og skodde er sjølvsagde ingrediensar i denne upretensiøse, vesle boka frå Færøyane."
Anne Cathrine Straume, NRK 
 

349,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015694
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Forfatteren bruker få ord på å si mye om levd liv, sårbarhet og samhold, og det er så deilig. Hun er blant de vakre forfatterne som har en egen stemme, en stillfaren omgang med ord som er helt hennes egen.»

— Stavanger Aftenblad

Kristin Auestad Danielsen
Om forfattaren

Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Ho fekk stor merksemd for sin andre roman, Du er bonde, frå 2022. På, over, inni er hennar tredje roman.