Skjønnlitteratur

Dr. Munks testamente: roman

Ellevilt gjensyn med hovudpersonane frå klassikaren «Sveve over vatna». Munk, Waglen og Forteljaren møtest igjen etter 15 år. Waglen er blitt familiemann og videohandlar i Sogn med kannibalfilmar som spesialitet. Forteljaren er lektor og familiemann. Munk har arva eit småbruk, «driv med sau», held hund og har eigen nærradio. Når Munk vil ha den tilårskomne spelegjengen til å turnere, er det eit konsept som skal «seie noko om livet i Norge no [...] særleg no når det går mot eit tusenårsskifte». Men når Wartburg en med dei tre rullar ut på Autobahn, er det også for å finne att Munks ukjende son i Heidelberg. På vegen er dei innom både Dressmann og Theatercaféen og filosofisk-satiriske detaljkunnskapar om filmar, musikk og video. Korkje Hamsun, Caterina Valente, Bruce Willis, Helen Mirren, Karl Erik Harr, Shakespeare eller Helen Shapiro går fri.
249,00 kr
Sider
266
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007699
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: