InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Domestiserte dyr: ein opera buffa i tre delar

«Framfor alt er .Domestiserte dyr. ein kraftprestasjon av skrivekunst og litterær stamina av det heilt sjeldne»
— Stavanger Aftenblad
Feiring av skilsmisse, arv og død Dei tre monologane i denne romanen krinsar om skilsmisse, arv og død, og måtane slike hendingar på ein paradoksal måte blir markerte på. Ei eldre kvinne talar til ei yngre i kvar del. I «Skilsmissefesten» er det Ekhindra, alle monstrer si mor, halvt slange og halvt menneske, som fører ordet. I «Arvefesten» er det Athene, krigsgudinna, gudinna for rettferdige krigar, som fører ordet. Og i «Makuleringsfesten» er det Mania, dødsgudinne og personifiseringa av galskap, som fører ordet. Alle delane er lagt til det moderne Norge. Arild Rein (f. 1960) debuterte i 1998 med romanen Hundedagane, første band i «Stavanger-trilogien». Reins kompromisslause og samstundes svært underhaldande tekstar, er kritiske analysar av det norske samfunnet, der han frå stadig nye vinklar går uredd bak fasadane for å undersøke drivkreftene og årsakssamanhengane, og slik lar lesaren stå ansikt til ansikt med råskapen i samfunnet og dei mørkaste avkrokane av menneskenaturen.
429,00 kr
Sider
287
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006777
Arild Rein
Om forfattaren

Arild Rein

(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.