InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Det mørke fastland 1980: ein ballade i fire delar

«Denne boka er som ein endelaus Facebook-rant. Kanskje til og med ei slags litterær hatytring … han er gjennomført og med eit driv som påfallande, tatt i betraktning at det strengt tatt ikkje er noko handling i romane...»
— Leif Tore Sædberg, Aftenbladet
Stavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin. Tommy prøver å halde ut som postbod. Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv. Og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentaliteten til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne er på kollisjonskurs. 

Med Det mørke fastland 1980 tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen Hundedagane startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?

429,00 kr
Sider
354
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016622
Arild Rein
Om forfattaren

Arild Rein

(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.