Grisekoret

Arild Rein

Grisekoret viser fram eit negativbilete av Stavanger, skildra frå byens underverd av småkriminelle. Rein har allereie opparbeida seg eit ungt og entusiastisk publikum, og dette er nok ein språkleg hardkokt roman frå forfattaren av Hundedagane. Grisekoret er ein annleis, spennande og realistisk krimroman.

Henry Soma kjem tilbake til heimbyen etter eit fengselsopphald. Politiet knuste trommehinnene hans under ein rassia tidlegare, og Soma er bitter og sint. I løpet av nokre få veker om vinteren møter vi det kriminelle miljøet i byen, som livnærer seg med diverse strøjobbar, små tjuveri og heleri. Soma sjølv har ein uklår draum om eit ordna liv og eit husvære med eigen nøkkel, samstundes som han blir involvert i ein bitter familiestrid om arv.


ISBN: 9788252158946

Kategoriar: Arild Rein

Emneknagg: 2001, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Arild Rein