Den evige fred
Innbunden

Den evige fred

Vi er på Stortinget rett før jul i 2021 i dagane like etter ein orgie i sex og fyll. Frå drabantbyane rundt Oslo kjem det meldingar som tydar på at folk held på å gå av skaftet. Eit frykta virus spreier seg raskt og skapar ein hær levande døde som spreier kaos og død der dei rykkjer fram. Statsministeren og dei folkevalde er kompromisslaust korrupte og kyniske, og stort sett opptekne av å drikke og å ha kjønnsleg omgang med kvarandre. Statsministeren lukkar seg inne i kjellaren der likhunden Harry rapporterer til oss om kva som skjer. Verda utanfor får klare seg sjølv.

429,00 kr
Arild Rein
Om forfattaren

Arild Rein

(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.