Dikt i umsetjing

Skjønnlitteratur

Dikt i umsetjing

Olav H. Hauge (1908-1994) er rekna som vår fremste lyrikar i etterkrigstida. Han gav i alt ut seks diktsamlingar, og samleutgåvene omfattar meir enn 400 dikt. Samstundes var han ein av våre fremste og mest originale gjendiktarar. Hauges dagbøker gir innsyn i korleis han på eiga hand lærde seg framande språk og arbeidde med å føre dei utanlandske yndlingspoetane sine frå engelsk, fransk og tysk over i norsk språkdrakt. Denne samlinga er ei auka utgåve av Dikt i umsetjing, som Noregs Boklag gav ut i 1982. Her er òg dei nye omsetjingane i Frå Rimbaud til Celan med. Boka har også med Hauges merknader, der han på sitt særeigne, korthogne vis kommenterer dei dikta han har omsett.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185577
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.