Generell litteratur

Det året eg vakna: kva skjer med naturen – og oss?

«Sandberg skriver levende og personlig, og «Det året eg vakna» skjerper leserens blikk for hvordan klimakrisen sniker seg inn i hverdagen og endrer livene våre.»
— Dagbladet
Om naturtap og klimaangst

Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå er ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. Lesaren får i tillegg til ei personleg forteljing også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor.

Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare? Det prøver denne boka å svare på.


299,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015090
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Sigri Sandberg skriver nært om egen angst for klimaendringene ... Hun beskriver svært godt hvordan angsten for hva som skjer med verden gjør at hun knapt klarer å bevege seg»

— Dagens Næringsliv

«Vi skal være glade for at vi har essayister som Sandberg til å prøve å binde sammen fakta og følelser i klimadebatten.»

— Klassekampen

Sigri Sandberg
Om forfattaren

Sigri Sandberg

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 25 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive nær tjue bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. Sandberg voks opp i Gulen og Bergen og er busett i Oslo og Luster. Besøk ho gjerne på www.sigri.no.