Den stille flokken: kriminalroman
Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur».
Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga.
Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet.
Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar - og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn? Nominert til Rivertonprisen 2017.
Meldingar



Lars Mæhle
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.
Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.
Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO