D

Barn og ungdom

Den som ikkje har gøymt seg no

12–16 år
Odd har spegla seg mot baksida av ei spiseskei og begynt å lure på om han er heilt som han skal. Ein dag stenger bestevennen Per Tore seg inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen. Han trur det kviler ei forbanning over han - det skjer jo så mange ulykker der han er. Mor til Per Tore vil at Odd skal snakke med han, men Odd er ikkje så flink til å snakke. Med seg sjølv og andre som innsats bestemmer han seg for å sette den innbilte forbanninga på prøve.
299,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176933
Arnfinn Kolerud
Om forfattaren

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte med Berre ikkje brøyteplogen kjem i 1996, og han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for denne boka. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) vart Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Barneboka Snillionen blei nominert til Kritikarprisen og vann Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.

Kolerud er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.