Den mørke porten: kriminalroman

Skjønnlitteratur

Den mørke porten: kriminalroman

Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin. Åstaden og drapsmetoden liknar det uoppklarte drapet på Karsten Scheel. Psykologen Ina Grieg, Karsten Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i politiets etterforsking. Grieg går eigne vegar for å få etterforskinga framover. Det blir snart klart at det dreier seg om fleire mord, der gjerningsmannens signatur er kodar og mønster som ikkje ser ut til å ha noka løysing. Grieg får bruk for all sin menneskekunnskap, kløkt og kampsporterfaring i ei jakt der ho må kjempe mot fleire demonar, ikkje minst sine eigne. Den mørke porten er første boka i ein serie om psykologen Ina Grieg.
329,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252180831
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.