Dei vaksnes løgnaktige liv

Elena Ferrante |
Digital lydbok | ISBN: 9788234003776

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price379 kr
Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen.

Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria.

I «Dei vaksnes løgnaktige liv» er handlinga lagd til eit middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra. Ferrante legg opp til eit stort og tett familiedrama om oppvekst, identitet og klasse, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn.

FRÅ MELDINGAR:

«Nytt mesterverk av Ferrante»
Ole Jacob Hoel, Adressa

«Ferrante overgår seg selv»
Jon Rognlien, Dabladet

«Ferrante leverer igjen»
Guri Hjeltnes, VG

«Ferrante har stålgrep om handverket slik at det glir lett for lesaren. Motstanden ligg i folka på sidene, ikkje i komposisjonen eller omsetjinga.»
Vidar Kvalshaug, Bok365

«[Ferrante] har en helt sjelden evne til å fortelle noe menneskelig interessant i en form som suger leseren med seg som i det mest heseblesende actiondrama.»
Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen

«Magnetisk medrivende»
Leif Ekle, NRK

«Litterær kløkt og opprørsk glede [...] Historia er høgst levande.»
Margunn Vikingstad, Morgenbladet

«Få kan som Ferrante skildre skam, fortviling, sinne og begjær - «Dei vaksnes løgnaktige liv» er stinn av dei flauaste, nedrigaste, såraste livserfaringane, og vik aldri unna å setje ord på dei.»
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Oppvakning av dimensjonar i Elena Ferrantes nye roman. [...]
Ein kjenner att den språklege råskapen, klarleiken og ordrikdomen frå tidlegare utgjevingar.» Sofie Braut, Sta

Sitat frå melding

Elena Ferrante

Du likar kanskje desse

Sist sett på