Dei vakre dagane i Aranjuez: ein sommardialog

Skjønnlitteratur

Dei vakre dagane i Aranjuez: ein sommardialog

Omsett frå tysk av Jon Fosse

Dei vakre dagane i Aranjuez er ein dialog mellom ein mann og ei kvinne, der dei så gjerne vil koma nær kvarandre, men i staden for snakkar seg lenger og lenger bort frå kvarandre, og der mannen nærast forhøyrer kvinna om hennar erotiske fortid, og der søkinga etter nærleik forvandlar seg til stivna avstand. Mykje av særpreget ved dramatikken i Handkes «taleteater» ligg i sjølve replikkane som ofte er som små forteljingar i seg sjølve.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Jon Fosse
ISBN
9788252190809
Peter Handke
Om forfattaren

Peter Handke

Peter Handke (f. 1942) har skrive over femti romanar, forteljingar, essayistisk prosa og dramatikk, og han blir av mange rekna som den viktigaste tyskspråklege nolevande forfattaren. Handke er spesielt kjend for skodespela sine. Replikkane i Handkes dramatikk er ofte som små forteljingar i seg sjølve. I 2013 fekk han den høgthengande internasjonale Ibsen-prisen for dramatikken sin. I 2019 fekk han Nobelprisen i litteratur.