Dagbok 1924-1994: utval

Generell litteratur

Dagbok 1924-1994: utval

Verdslitteratur og fruktdyrking i Hardanger Frå han var 15 år og fram til veka før han døydde, førte Olav H. Hauge (1908-1994) dagbok. Med nær 4000 boksider av høgste litterære kvalitet er denne dagboka eineståande i sin sjanger, og ho har vore eit kult- og referanseverk sidan utgivinga i 2000. Ho inneheld refleksjonar om litteratur frå heile verda, iblanda tankar og hendingar frå kvardagen og fruktdyrkinga i Ulvik. Her er eit vell av fyndord, ordtak og originale aforismar. Hauge tek også med dei mørkaste stundene - som åra då han var innlagd på sinnssjukehus, samstundes som ein får innsyn i kva som er bakgrunnen for diktinga hans.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185812
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.