Berre kjærleik og død: ein biografi om Tor Jonsson

Generell litteratur

Berre kjærleik og død: ein biografi om Tor Jonsson

Boka byggjer på mange års forsking, nylesing, kjeldegransking, ukjente brev og samtalar med nærare to hundre informantar. Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar er hos Tor Jonsson uløyseleg knytte til hans dramatiske liv og tragiske lagnad.
349,00 kr
Sider
440
Utgivingsår
2003
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252163254
IK
Om forfattaren

Ingar Sletten Kolloen

Fødd 1951 i Gudbrandsdalen, har allsidig pressekarriere som journalist i ymse aviser, spaltist, kommentator, dagleg leiar for Aftenpostens kulturredaksjon og sjefredaktør i Dagningen. Har sidan han utga Tor Jonsson-biografien Berre kjærleik og død i 1999 vore heiltidsforfattar. For denne boka fekk han Melsomprisen og vart nominert til Brageprisen. Sletten Kolloen laga også ein teaterversjon av biografien, urpremiere på Trøndelag Teater i 2000 og er sidan spelt ved ei rekkje norske teatre. Har også arbeidd som forlagsredaktør i Den norske Bokklubben, mellom anna i Bokklubbens Lyrikkvenner, og hadde ein sentral leiarfunksjon i planlegginga av kulturprogrammet for Lillehammer-OL. Kolloen har også gitt ut biografiane om Knut Hamsun, Erobreren og Svermeren på Gyldendal.