Boka er bygd opp av skriftstykke («tekstar») i ulike sjangrar, men har likevel ein indre samanheng. Dei fem første inneheld fortellingar om ein barndom under okkupasjon, sivil motstand og ei etterkrigstid med oppgjer av ymse slag. Hendingane spelar seg ut på Sandane, i Åmli og på Voss.
Gjennom innslaget av fiksjon markerer den store fortellinga «Ballongferda» overgangen til andre former for prosa. Det kjem så essayistiske undersøkingar av minne og ymse former for gløymske og av medviten fabulering versus faktaorientert memorering. Gjennom kommentarar til Carolus, klovnen, ein roman Hellesnes gav ut i 1982, utvidar fofattaren emnekrinsen. Komikk og refleksjon, dikting filosofi, (autonomi)estetikk og samfunnskritikk blir tema.
I siste delen av boka følgjer ein serie samfunnskritiske skriftstykke om marknadsliberalismen, om nedbrytinga av natur, kultur og siviliserte livsformer og om nihilismen som breier seg i vestlege styringselitar. Det heile tonar ut i meditasjonar over antikk livsførselsfilosofi og epistlar av Lucius Annæus Seneca som døydde under keisar Nero.
Sitat frå melding
"Dette er i beste forstand filosofi til oss amatørar, til «folket»."