Av meg er det mange: prosa

Skjønnlitteratur

Av meg er det mange: prosa

Ein organist flyttar til ein ny stad og får eit lite husvære bak kyrkjegarden. Der møter ho ein mann som speler trombone ved ei grav. Dei innleier eit forhold, men etter kvart må mannen reise. Det blir lettare for henne å forstå relasjonen etter at han har reist. I tekstane til Erstad er hendingar frå både barndom og draum likestilte med det som skjer no. Av meg er det mange er ein poetisk prosa, der minna er ein sentral del av kvardagen, og der einsemda alltid er ein del av fellesskapen. Det handlar om å møte, miste, lengte og drøyme. Veronika Erstad (f. 1979) har gått på forfattarstudiet i Bø og forfattarstudiet i Tromsø. Ho debuterte med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan komme i 2015.
329,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190571
Veronika Erstad
Om forfattaren

Veronika Erstad

(f. 1979) har gått på Forfattarstudiet i Bø og Forfatterstudiet i Tromsø, og kjem frå Rosendal. Ho debuterte med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan komme i 2015. Erstad er utdanna barnevernspedagog, og i 2024 ga ho ut barneboka Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje.