Eg er så nær morgonen eg kan kome: dikt

Skjønnlitteratur

Eg er så nær morgonen eg kan kome: dikt

I denne samlinga blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: To hus i ein skog ved havet, og to naboar. I denne geografien blir identiteten sett på prøve - både for eg-et, naboen, dyreriket og verda omkring - når dei ulike posisjonane gjennomgår stadige forskyvingar. Grensene mellom årstider, dyre- og menneskeliv, draum og røyndom er flytande, ord og setningar blir brotne ned og bygde opp på nye måtar. Gjennom variasjonar, speglingar og brotstykke blir det skapt ei uro og eit intenst nærvær. Erstads dikt har ein heilt særeigen tone, og dei vil halde på merksemda til lesaren fram til siste side.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182637
Veronika Erstad
Om forfattaren

Veronika Erstad

(f. 1979) har gått på Forfattarstudiet i Bø og Forfatterstudiet i Tromsø, og kjem frå Rosendal. Ho debuterte med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan komme i 2015. Erstad er utdanna barnevernspedagog, og i 2024 ga ho ut barneboka Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje.