Eg er så nær morgonen eg kan kome

Veronika Erstad |
Innbunden | ISBN: 9788252182736

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price320 kr

I denne samlinga blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: To hus i ein skog ved havet, og to naboar. I denne geografien blir identiteten sett på prøve – både for eg-et, naboen, dyreriket og verda omkring – når dei ulike posisjonane gjennomgår stadige forskyvingar. Grensene mellom årstider, dyre- og menneskeliv, draum og røyndom er flytande, ord og setningar blir brotne ned og bygde opp på nye måtar. Gjennom variasjonar, speglingar og brotstykke blir det skapt ei uro og eit intenst nærvær.

Erstads dikt har ein heilt særeigen tone, og dei vil halde på merksemda til lesaren fram til siste side.

Bølgjene slår mot vestveggen. Bølgjene dreg huset med seg ut, slepp det ifrå seg. Huset driv med vinden. Eg ventar i skogkanten, tel fuglar som bryt havf lata.

Meldingar

Veronika Erstad

Du likar kanskje desse

Sist sett på