Skjønnlitteratur

400 mil frå Sogndalsfjøra: (Per Waglens notat) : langnovelle

Legendariske Waglen frå Sveve over vatna og Dr. Munks testamente på nye eventyr! Per Waglen må forlate videosjappa si i Sogn for å utføre eit leigemord i hovudstaden. Men før han kjem dit, blandar han seg inn i ein av dei større skandalane i Sogn dette hundreåret. På reisa vidare til Oslo får han følgje av Prestesonen som har kasta seg ut i bokskrivingskjøret. Det vert litterære diskusjonar, midtlivskrise, frisk knulling, drikking og slagsmål, men ikkje minst kjærleik og ei ny visse om at det er ei tid for alt. «[...] en lystig pastisj over en særlig avart av krimgenren der vi kan glede oss over gjensynet med vår gamle venn Per Waglen.» Øystein Rottem, Dagbladet
329,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007705
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: