Hardanger: noveller
I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger - mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen.
Novellene i «Hardanger» handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.
Meldingar
Vilde Sagstad Imeland, Morgenbladet
«Hardanger er eit samanhengande novelleverk, der tekstane grip inn i kvarandre og utvidar kvarandre [...] godt komponert [...] Eikemo skriv lett og tilgjengeleg, men med djupn, vidd og rekkevidde. Ho lèt heile bygda vere ei scene og fangar lokale stemningar som ein ikkje kan google seg til. Ho studerer relasjonar og roller i små samfunn der alle kjenner alle – eller i alle fall trur dei gjer det. For som fleire av novellene demonstrerer på vittig vis: Det er forskjell på å kjenne og å kjenne til nokon [...] Hardanger gir meg lyst til å byrje framanfrå og lese den og alle dei andre bøkene til Eikemo igjen»
Eivind Myklebust, Klassekampen
«Marit Eikemo er definitivt i øverste liga i norsk samtidslitteratur nå. [...] Dette er glitrende, Eikemo.»
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad
«Alt før ho vart lansert, var fyrsteoppplaget av Marit Eikemo si novellesamling Hardanger utselt. [...] Men Eikemo maktar å gjera det lokale og nære til noko allment og attkjenneleg, anten det handlar om venskap, om det å høyra til, om dei lokale kodane du må knekkja for å få innpass, om kjærleik og alle snubletrådane som ligg i eit kvart forhold.»
Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland
«Forfattaren har ein eigen evne til å skriva fram gnisten i folk og ikkje sjeldan er han driven fram av minne og eit møte ein gong, ei lengt etter noko eller nokon – eller berre tronga til å sprenge seg ut over dei normale grensene som er på slike stadar langs ein fjord. [...] Eg les gjerne fleire novellesamlingar frå Marit Eikemo. Gjerne frå Hardanger.» Vidar Kvalshaug, Bok365
Marit Eikemo
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival.
Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.
Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.
Fleire foto av Marit Eikemo:
Fotograf: Agnete Brun
Litterære prisar
SAMLAGSPRISEN 2019
AMALIE SKRAM-PRISEN 2017
Går til ein kvinneleg skjønnlitterær forfattar som skriv i Skrams and.
SPAREBANKEN VEST SITT KUNSTNARSTIPEND
Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2008.
ODDA MÅLLAG SIN MÅLLAGSPRIS
For Her, no. Møte med unge menneske.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO