Gult farevarsel: roman
Det bryggjer opp til storm i det Dorte kjem opp til Innsetra, ein intim og luksuriøs gjestegard langt til fjells. Her har ho planlagt ei heilt spesiell gullbryllaupsfeiring for foreldra sine og invitert med tvillingbroren, søstera og mannen og hunden deira, Laban.
Allereie da ho kjem fram, angrar Dorte på at ho har samla familien her, seint i oktober. Så bryt uvêret laus, eit jordras sperrar av området og familien blir stengd inne på setra saman med to ruskete jegerar. Lite anar Dorte at raset berre er den første av ei rekkje hendingar som denne familien aldri kjem til å gløyme.
Gult farevarsel er ein roman om menneske og dyr, og om korleis vi ser kvarandre og naturen vi alle er ein del av.
Sitat frå melding
«Det kan vere vanskeleg å bake klimakamp og miljøengasjement inn i ein roman, utan at det blir trått misjonerande. Brit Bildøen klarar det betre enn dei fleste. «Gult farevarsel» vart ein uventa spanande tur til fjells. Eg mistenker dessutan at boka vil røre . og opprøre . hundeelskarar ekstra hardt» - Gerd Elin Stava Sandve, NRK «Bildøens roman ga.r rett inn der noe brister, i va.r forsta.else av natur» - Tom Egil Hverven, Klassekampen «[L]esaren vert engasjert. Veldig engasjert! [...] Thrillerelementet som litt etter litt veks fram, gjer boka spennande [...] Gult farevarsel er kort og godt ei aktuell bok» - Odd W. Surén, Dag og Tid «Brit Bildøen har skrevet en roman som lykkes i å bygge opp mot et burlesk, ja, vilt, klimaks. I et ganske enkelt hendelsesforløp viser hun hvordan den borgerlige fasaden slår sprekker; hvordan et menneske, straks forbindelsen til kultur og sivilisasjon blir brutt, kan henfalle til primitive instinkter.» - Fartein Horgar, Adresseavisen «Bildøens reelt spennende og velkomponerte kriminalfortelling kan i alle fall leses som en slags langfabel om hvordan det urbaniserte mennesket er nærare knyttet til det ville enn det tror» - Maria Olerud, Morgenbladet «Høgaktuell krim om mørk og stormfull helg» - Marit Heiene, Romsdals Budstikke
Brit Bildøen
Litterære prisar
DOBLOUGPRISEN
For forfatterskapen sin
NYNORSK LITTERATURPRIS 2018
For Tre vegar til havet
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO