Pode er seks år og nokon er ute etter han. Pode veit ikkje kvifor, han veit ikkje eingong at nokon er ute etter han. Men etter kvart skjønar han det. Nokon er ute etter han og får han til å nyse. Pode nys mykje. Først nokre få gonger om dagen, etter kvart mange hundre gonger i timen! Men det var noko ingen rekna med, ikkje eingong han som er ute etter Pode. Det skjer noko når Pode nys. Noko mystisk.