Å ta vare på heile mennesket: handbok i åndeleg omsorg

Pamela H. Cone | Tove Giske |
E-bøker | Sidetal: 131 | ISBN: 9788234001093

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price269 kr
I viktige livshendingar og i kriser vil menneske ofte oppleve seg sjølv og livet sitt på ein ny måte. Livsspørsmål som «kvifor skjer dette meg?», «korleis vil livet mitt bli?», og «kven er glad i meg når eg ikkje lenger er den eg var?» kan då tre fram. Det er dette som er tema for denne boka: korleis ein som fagperson, uavhengig av livssyn, kan støtte opp om den måten pasientar arbeider med livsspørsmåla sine på. Det handlar om eksistensielle spørsmål om identitet og meining, men også om tru og livssyn - det ein med eit paraplyomgrep kan kalle «åndeleg omsorg». Åndeleg omsorg er ein integrert del av sjukepleiefaget sitt ansvarsområde, men forsking viser at helsepersonell ofte opplever det som svært utfordrande. I boka viser forfattarane korleis ein kan førebu seg og bli tryggare i møte med pasientar når slik livsspørsmål trer fram, korleis ein kan øve seg opp til å sjå kva som står på spel i pasienten sitt liv, og korleis ein på ein profesjonell og respektfull måte kan støtte opp om pasienten si handtering av situasjonen.

Du likar kanskje desse

Sist sett på