Isla Bonita

Terje Torkildsen

Kan det vere livsfarleg å bli forelska?

Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis.

Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska.

Frå Bokmeldingar

Terning 5

«Det er tut og køyr i oppfinnsamt tempo heile vegen, frå ein forfattar som hadde stor suksess alt frå debutboka av, «Marki Marko» i 2008, og er fagna med fleire prisar: «Isla Bonita» - denne niande boka hans - overgår likevel alle dei førre.»
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad



ISBN: 9788252189865

Kategoriar: Alle bøker, Barne- og ungdomsbøker, Julegåver til barn og ungdom, Terje Torkildsen

Emneknagg: 2019, Nyheit,

Sjanger: Ungdom


Meir frå Terje Torkildsen