Tusen elgar i garasjen
Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.
«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som
følgjesveinar.
Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det.
Illustrert av Hilde Hodnefjeld
SANDKASSA
Om sandkassa er noko lite og barnsleg?
Nei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar.
I den kan ein bake hundre kaker i minuttet.
Katten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis.
Bygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå.
Dei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus.
Alt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle.
Frå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.
Sigmund Løvåsen
Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Ved sida av å vere forfattar er han leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving var barneboka Snøballkrigen.
Litterære prisar
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2006
P2 lyttarane sin romanpris
For Nyryddinga
Tarjei Vesaas' debutantpris
For Nyryddinga
Bjørnsonstipendet
Bjørnsonstipendet for 2010
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO