Rolf Sagen
(f. 1940) har sidan debuten i 1968 gitt ut eit titals romanar, dikt, noveller og barnebøker. Best kjende er romanen Mørkets gjerninger frå 1976 og den sterkt kritikarroste Lyden av vatn frå 1990. Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp i Sykkylven. Han er utdanna psykolog og fekk Tarjei Vesaas debutantpris da han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968.
Sagen markerte seg som ein sentral norsk forfattar på i 1970-åra, og var tidleg ute med å eksperimentere med dokumentarstoff, t.d. i collagen Kvengedal frå 1970. Romanen Mørkets gjerninger, som fekk Kritikarprisen i 1976, blei eit gjennombrot for Sagen. I tillegg til å skaffe han fleire lesarar blei det laga fjernsynsfilm på grunnlag av romanen. I 1986 kom den elleville Springfart ved fjorden, mens dokumentarromanen Mercedesryttaren frå 1988 byggjer på Sagens eigne opplevingar som deltakande observatør til politivaldsaka i Bergen. Lyden av vatn, som er tydelig inspirert av Kafka og Beckett, kom i 1990, og blir av mange rekna som Sagens beste bok. Handlinga går føre seg i eit draumelandskap og fortel korleis ein personlegdom i vår tid kjempar for å finne seg sjølv. Ein kan sjå tematiske likskapar til Lyden av vatn i fleire av Sagens seinare utgivingar, som i novellesamlingane Blendverk (1998), Reisa til D. (2002) og romanen Skog (2004). Her skapar Sagen igjen eit gåtefullt og draumeaktig univers, der tid, identitet og framandkjensle er viktige stikkord. I romanen Kraftverk (2007) tek Sagen utgangspunkt i sine eigne gamle dagbøker, mens Lommehunden frå Ribo (2008) er ein etterlengta oppfølgjar til kultromanen Springfart ved fjorden (1986).
Rolf Sagen grunnla Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og verka som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for. Sagen har òg vore aktivt medlem i Den norske Forfatterforening, og mottok i 2003 Samlagsprisen for sin forfattarskap.
Litterære prisar
- Samlagsprisen
- Kritikarprisen
- Tarjei Vesaas' debutantpris
Vis alle prisaneVis færre prisar
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2003
Kritikarprisen
For Mørkets gjerninger
Tarjei Vesaas' debutantpris
For Dørklinker.
Utgivingar av forfattaren
4 x Sagen
Blendverk
Eg reiste gjennom dette mørke landet og møtte deg
Ein burlesk roman frå Rolf Sagen, som ikkje står tilbake for det beste av det han har skrive, i hans særeigne kombinasjon av det absurde ...Far og son
Aksjonen spreidde seg raskt til nabokommunane og var like ved å bli landsomfattande då det vart kalla inn til stormøte på Hitra. Sagen va...Hundre bønder
Faren bur ikkje med henne og mora, og dei har dårleg råd, så dårlig råd at dei ofte ikkje kan betale husleiga si eingong. Rolf Sagen utfo...Josefines songar
Forteljaren, Rolf Sagen, reiser tilbake i tid, til midt på 1950-talet, realskuletida i Sykkylven, der faren var sjef for det kommunale kr...Kraftverk: roman
I Lommehunden frå Ribo blir vi også nærare kjende med ei rekke forteljarar som Frans-den-Gamle, Jo-liten, Johannes Drable, Rofel Fisk, To...Lommehunden frå Ribo
Lyden av vatn
På søvnen høyrer eg
I ei blanding av draum og røynd dukkar menneske opp og forsvinn. I eit lett og nesten nonchalant språk viser Rolf Sagen gjennom korte og ...Reisa til D.
Her skaper Rolf Sagen eit gåtefullt univers, draumeaktig og ofte skremmande. Vi møter ei rekkje personar og forteljarar, først og fremst ...Skog
Springfart ved fjorden er ein stor roman i den fantastiske sjangeren. Rolf Sagen har skrive ei forteljing om eit samfunn bortanfor ti...Springfart ved fjorden
På sin ferd i fjorlandet i vest, oppdager historieprofessor Svale Smule byen Moks. Oppdaginga gir inspirasjon til soga om Joran Krake, de...Springfart ved fjorden: roman
Steinar Foten og Vekkarmannen
Rolf Sagen (f. 1940) har sidan debuten i 1968 gitt ut romanar, diktsamlingar, barnebøker og skodespel. I Sørgedans skaper kombinasjonen a...
