Aksjonen spreidde seg raskt til nabokommunane og var like ved å bli landsomfattande då det vart kalla inn til stormøte på Hitra. Sagen var sjølv til stades på dette møtet, og han skriv modig, engasjerande og godt om det presset styresmakter og media sette bøndene under. Vi får ta del i den spennande og intense jakta på dei reelle bakmennene og ser korleis forfattaren opplevde å bli pressa til å leggje vekk materialet han arbeidde med. Det er også ei bok om det å leite etter identitet, og det å høyre til ein stad. Dei underliggjande konfliktane er framleis like sterke og like aktuelle både nasjonalt og internasjonalt som dei var for 26 år sidan. Såleis er boka om Hitraopprøret ø og korleis det blei opplevd på nært hald - viktig for å skjøne dagens samfunn. I tillegg er Hundre bønder litteratur med nerve og spenning.
Rolf Sagen
(f. 1940) har sidan debuten i 1968 gitt ut eit titals romanar, dikt, noveller og barnebøker. Best kjende er romanen Mørkets gjerninger frå 1976 og den sterkt kritikarroste Lyden av vatn frå 1990. Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp i Sykkylven. Han er utdanna psykolog og fekk Tarjei Vesaas debutantpris da han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968.
Sagen markerte seg som ein sentral norsk forfattar på i 1970-åra, og var tidleg ute med å eksperimentere med dokumentarstoff, t.d. i collagen Kvengedal frå 1970. Romanen Mørkets gjerninger, som fekk Kritikarprisen i 1976, blei eit gjennombrot for Sagen. I tillegg til å skaffe han fleire lesarar blei det laga fjernsynsfilm på grunnlag av romanen. I 1986 kom den elleville Springfart ved fjorden, mens dokumentarromanen Mercedesryttaren frå 1988 byggjer på Sagens eigne opplevingar som deltakande observatør til politivaldsaka i Bergen. Lyden av vatn, som er tydelig inspirert av Kafka og Beckett, kom i 1990, og blir av mange rekna som Sagens beste bok. Handlinga går føre seg i eit draumelandskap og fortel korleis ein personlegdom i vår tid kjempar for å finne seg sjølv. Ein kan sjå tematiske likskapar til Lyden av vatn i fleire av Sagens seinare utgivingar, som i novellesamlingane Blendverk (1998), Reisa til D. (2002) og romanen Skog (2004). Her skapar Sagen igjen eit gåtefullt og draumeaktig univers, der tid, identitet og framandkjensle er viktige stikkord. I romanen Kraftverk (2007) tek Sagen utgangspunkt i sine eigne gamle dagbøker, mens Lommehunden frå Ribo (2008) er ein etterlengta oppfølgjar til kultromanen Springfart ved fjorden (1986).
Rolf Sagen grunnla Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og verka som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for. Sagen har òg vore aktivt medlem i Den norske Forfatterforening, og mottok i 2003 Samlagsprisen for sin forfattarskap.
Litterære prisar
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2003
Kritikarprisen
For Mørkets gjerninger
Tarjei Vesaas' debutantpris
For Dørklinker.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO